Topp moderne hytte - utan veg, vatn og straum
Midt i naturen: Med fjell på alle kantar og utsikt over Botnavatnet er det lite som forstyrrar idyllen når Idun og familien reiser på hytta i Angedalen.
– Eg ville ha eit lite stykke Noreg som er mitt, det gjer meg lykkeleg når eg er heime i Tyskland! seier Idun som voks opp på ein gard inst i Angedalen i Førde. No har ho og familien bygt hytte endå lenger inne i dalen, ved Botnavatnet.
– Eg såg på det som eit skrekkprosjekt å skulle byggje noko i den veglause steinrøysa langt inne i dalen, men det har berre vore heilt fantastisk ukomplisert! Vi hadde eit møte med Tor Ivar Flatjord hos Jølster Bygg og Interiør, der vi gjekk gjennom kva vi ønskte oss, deretter hadde vi knapt kontakt før vi fekk utlevert nøkkel til å den ferdige hytta, fortel Idun.
– Vart resultatet slik du hadde sett føre deg?
– Det vart mykje betre enn forventa! Det er gjort eit imponerande arbeid, med så mange fine detaljar.
Vi er superfornøgde alle saman, fortel Idun.
Lys og luft: Stor takhøgde og vindauge i alle retningar. Hytta på knapt 70 kvadrat rommar mykje.
Gjenbruk: Fri utsikt til fjell og vatn gjennom stoveglasa. Stolane, ein grøn og ein raud, er eit kupp frå gjenbruksbutikken. – Eg har ei god venninne som trålar gjenbruken for meg, fortel Idun.
Badevatn: Det er ikkje dusj i hytta, men berre ein liten skråning ned til idylliske Botnavatnet. Det blir flittig brukt av Idun og familien, både til bading og andre aktivitetar. Foto: Privat
Fekk blankofullmakt
Familien på fire er busett i ein liten landsby utanfor Stuttgart der Idun har jobba som lege i over 20 år.
Då dei gjekk laust på hytteprosjektet på heimelege trakter, var dei difor avhengige av å finne nokon som tok fullt ansvar i byggjeprosessen.
– Vi måtte ha nokon å stole på som tok hand om alle detaljane, vi kunne ikkje stresse med det frå Tyskland. Eg merka med ein gong at Tor Ivar er fagleg dyktig, har estetisk sans og brenn for det han driv med. Då er det lett å gi frå seg ansvaret. Han fekk blankofullmakt til å finne løysingar på alt det som ikkje var detaljteikna, fortel Idun som overtok tomta ved Botnavatnet frå onkelen sin.
Ho er òg imponert over innsatsen til maskinentreprenør Tormod Svidal som kjempa med uendeleg mengder kampestein for å lage ei trygg tomt å byggje på. Og ikkje minst effektiviteten til Airlift som flaug inn alt av byggjemateriale til hytta. Ivar A. Sunde hadde stødig hand om betongarbeidet.
Inn i hytta: Idun har fritt utsyn til fjella ho er så glad i. Stofjellet ligg bak hytta.
Får naturen inn
Hytta er teikna av Arki Arkitektar.
– All honnør til Bjørn-Are Vollstad hos Arki som fann dei gode løysingane. Han reiste inn på tomta på eige initiativ for å sjå korleis hytta best kunne plasserast i landskapet og få utsikt til alle fjelltoppane. Vi ville sjølvsagt ha store vindauge i fronten. Vindauga mot baksida var hans idè, han sa «Stofjellet må inn i hytta», og det er vi veldig glade for no, når vi kan sitje i stova og ha utsikt i alle retningar, fortel Idun.
Ho er òg strålande fornøgd med at det vart så mange soveplassar i hytta.
– Det er tre soverom med akkurat plass til ei lita dobbeltseng, i tillegg til hemsen som har plass til eit heilt fotball-lag, minst! Det var eit poeng for oss å ha plass til mange. Når vi er heime vil vi gjerne ha plass til heile storfamilien, i tillegg til vener og vener av ungane våre, fortel Idun.
God plass: Med tre soverom og ein hems med plass til eit heilt fottball-lag, har Idun og familien plass til masse gjester.
- Elskar det
Hytta ser heilt moderne ut frå utsida, men er veglaus og utan innlagd vatn og straum. mobildekning er heller ikkje noko å skryte av. Dei må gå til parkeringsplassen for å få kontakt med omverda.
– Eg elskar det! Det er godt å vere vekke frå sivilisasjonen når vi er på hytta. Og eg elskar at det ikkje er mobildekning. Det blir ein heilt annan gruppedynamikk når alle legg vekk telefonane og må finne på noko anna enn å sitje og scrolle. Ungane våre elskar det òg, og det same gjer vennane deira, fortel Idun entusiastisk.
Ein gammal reguleringsplan for området hindrar dei i å legge inn vatn og straum.
– Det er vel for å hindre store inngrep i naturen, og det er bra. Det var sånn vi var vande med å ha det på støylen før, seier Idun.
Ingen spring: Flott kjøkken og baderomsinnreiing, men ingen vanleg krane over vasken.
Litt luksus
Heilt utan moderne hjelpemiddel er dei likevel ikkje.
– Vi har gasskomfyr og eit solcellepanel som gir litt straum, til dømes til forbrenningstoalettet, så vi har eigentleg all luksus. Det er vel berre kjøleskåp vi manglar. Når vi er mange i hytta merkar vi også at det ikkje er oppvaskmaskin, då hopar oppvasken seg fort opp. Dottera mi meiner at vi ikkje bør vere meir enn åtte i slengen, med tanke på oppvasken, seier Idun og ler.
Alle i arbeid: Ungdommane i familien kosar seg på den veglause hytta, og deltok både under nedvask og med å bere møblar til hytta. Kjøkkeninnreiinga heiter «Line» og er designa og produsert hos Jølster Bygg og Interiør. Foto: Privat
Ho ser heller ikkje problem med at det ikkje er veg fram til hytta, tvert imot.
– Det er ikkje så mange hundre meter til parkeringsplassen, men det er langt nok til at vi ikkje har nokon som køyrer forbi hytta. Dessutan blir vi sterke av at alt vi har med oss må berast eit stykke over stokk og stein, seier Idun.
Dei har lagt vekt på at det skulle brukast mest mogleg naturmateriale og minimalt med plast, difor er det mellom anna brukt isolasjon av treull. Hytta som er på i underkant av 70 kvadratmeter, rommar tre soverom, bad, fleire boder, stove/kjøkken og ein diger hems. Frå terrassen er det berre ein liten skråning ned til vatnet der dei kan bade eller padle seg ein tur. Og frå hyttetrappa er det uendelege turmoglegheiter i alle retningar.
Stille stunder: På denne hytta blir ein aldri plaga av biltrafikk, men du høyrer garantert fuglekvitter og gjerne ei sauebjelle i ny og ne. Foto: Privat.
Finn ro
– Vi ville gjerne at hytta skulle gli inn i naturen, og det håpar eg vi har fått til. På litt avstand ser hytta lita ut, du må tett innpå for å sjå kor stor ho eigentleg er, det er kult, meiner den ferske hytteeigaren.
Hytta stod ferdig for om lag eitt år sidan og er bygt for bruk både sommar og vinter.
– Sonen vår budde i hytta fire veker sist vinter, kommande vinter har eg lyst til å ta fram skia for å komme til hytta eg og, fortel Idun.
Ho likar seg veldig godt som landsbylege i Tyskland, men Angedalen vil alltid vere heime.
– Eg treng i komme meg heim regelmessig. I Angedalen er eg jorda og får slappa av på ein annan måte. Når eg sit i sofaen på hytta og ser utover fjella og Botnavatnet – då føler eg at eg er midt i naturen, og det senkar seg ein heilt spesiell ro.
Tekst og foto: Liv Grimsbø / Liv Laga Media
Ekte hyttestemning: Når mørkret senkar seg og stearinlysa er einaste lyskjelde. Foto: Privat


