Hytter, interiør, kjøkken, bad og spesialmøblar

- Har fått hytta akkurat slik vi drøymde om

Berre lekkert: Lyse, lune fargar, mykje vindauge og stor takhøgde. Gunn Merete Paulsen og Hallgeir Hamre har bygt draumehytta si på Stavøya. – Det har vore eit fellesprosjekt for familien, der også ungane har fått sagt sitt, fortel dei.

 – Vi har aldri bygt noko nytt før. Då vi bestemte oss for å byggje hytte, kunne vi få alt slik vi ville ha det.
Og det fekk vi!

Gunn Merete Paulsen og Hallgeir Hamre kan nyte lange, lyse sommardagar i den nye hytta si.

Etter å ha kikka litt rundt bestemte dei seg for å byggje ny hytte, og valet fall på Stavøya i Kinn.

– Vi ønskte oss ei hytte ved havet. Her fekk vi naust og båtplass like ved, og det er eit fint hyttenabolag der vi hadde nokre vi kjende frå før, fortel Gunn Merete.

Dei jobbar begge i Førde. Hytta og kystlandskapet dei er så glade i er berre ein times køyretur unna.

IMG_4108
IMG_4109

Finn ro: Om ein sit i godstolen eller sofaen er det fantastisk utsikt gjennom dei store stoveglasa. Legg merke til den smarte plasseringa av vedomnen i hjørnet. 

– Her sit eg med morgonkaffien og ser på båtane som fer forbi. I dag har eg kjøpt meg ny kikkert òg, fortel Hallgeir med eit stort smil. Godstolen framfor dei store stoveglasa var han med å plukke ut sjølv, ellers verkar det som om kona i stor grad har hatt regien på hytteprosjektet.

- God dialog

– Vi fekk raskt god dialog med Jølster Bygg og Interiør. Vi kjenner fleire som har brukt dei før og var fornøgde. Når vi har lokale firma som vi veit leverer god kvalitet er det kjekt å bruke dei. Og vi har verkeleg fått god hjelp, seier Gunn Merete.
Tor Ivar Flatjord, som er prosjektleiar og teiknar hyttene til Jølster Bygg og Interiør, var med ut i hyttefeltet, såg på tomta og kva hyttemodell som kunne passe.  Han hadde allereie teikna tre av nabohyttene.

Eigne idear: Gunn Merete og Hallgeir tok utgangspunkt i ein hyttemodell hos Jølster Bygg og Interiør, men fekk gjere mange endringar for å få løysinga dei ønskte seg. Hytta har ei grunnflate på ca 100 kvadratmeter, og i tillegg har dei eit anneks.

–  Jølster Bygg hadde ein modell vi likte godt, men det vart gjort mange endringar før vi kom fram til det endelege resultatet. Det er det som er så bra – at vi fekk vere med å utforme hytta slik vi ville ha den, gjere det til vårt eige. Tor Ivar teikna ut frå våre – meir eller mindre – gode idear, og hadde i tillegg mange gode forslag til løysingar. Det var ein skikkeleg artig prosess, fortel Gunn Merete som til dagleg er advokat og aktiv i lokalpolitikken. Hallgeir er rektor på den store, nye ungdomsskulen i Førde.
Dei har begge vore bevisste på å bruke lokale leverandørar t.d. på rør, elektro og møblar.

– Når vi har så mykje flinke og serviceinnstilte fagfolk lokalt må vi bruke dei. Vi må spesielt nemne Kusslid Bygg, dei har gjort ein formidabel jobb med all finsnekringa, seier Gunn Merete.

Frå scratch

Ho hevdar at ho eigentleg ikkje er så opptatt av interiør og design, men då dei kunne starte frå «scratch» gjekk ho grundig til verks og visste korleis ho ville ha det:

– Vi endra ganske mykje på kjøkkenet, fekk inn fleire vindauge, flytta ovnen, plasseringa av trappa og heva taket på soveromsdelen, ramsar ho opp.

Variasjon: Stove og kjøkken har fått ulik takhøgde for å skille mellom romma. Løysinga kom med ein bonus: Eit ekstra lagerrom over kjøkkenet. Den breie øya, med glasdører inn mot stova, fungerer g som eit skille mellom sonene.

Tenkte heilskap

Dei ville ha det lyst med varme, lune fargetonar, hytta er fri for krom og stål.

– Når du startar frå null kan du tenke heilskap, men det er også ein million val å ta, det kan bli ganske overveldande. Eg hadde ein dag på Jølster Bygg der vi landa mange av dei store vala. Vi fall for benkeplata (Dekton, Avario) og tok på mange måtar utgangspunkt i den når vi skulle velgje farge på golv, veggar og kjøkkeninnreiing, fortel Gunn Merete som fekk god hjelp av Lena Kirkebø på Kvist Handverk og Design som sparringpartner undervegs i prosessen.

Lys og luft: Store vindauge i fleire himmelretningar gir luft og romkjensle. Dei tok utgangspunkt i benkeplata då material- og fargekombinasjonar skulle velgast.

Gunn Merete og Hallgeir valde å ha same type veggpanel og golv i alle rom for å skape flyt gjennom hytta, og kjøkkenet «Line» som er Jølster Bygg sitt eige design.  

I første etasje er det stove/kjøkken, to soverom, bad, vaskerom og bod. I 2. etasje er det TV-stove, to soverom og toalett.
I tillegg har dei bygt eit anneks. Det var i utgangspunktet tenkt som ei utebod, men der flytta familiens 17-åring raskt inn.

– Vi har tre ungar som alle er i ferd med å bli vaksne, og ville ha ei hytte med fire soverom. Her er 10-12 soveplassar og vi kan lage langbord av spisebordet, så det er plass til alle – også barnebarn når den tid kjem, smiler Gunn Merete.

IMG_4059b
IMG_4076

Ein favoritt: Den flotte trappa er blitt som eit møbel i hytta. Rokken pytar òg opp, den arva Gunn Merete etter oldemora som var frå Stavøya. I 2.etg. er det TV-stove, her planlegg Gunn Merete også eit heimekontor.

Dei er godt fornøgd med inndelinga av hytta, ei avdeling med soverom og bad og ein del til kjøkken og stove.

– Den spesialbygde trappa er noko av det eg er mest fornøgd med! Den bind i hop etasjane på ein fin måte og er eit tydeleg interiørelement i hytta. Vi ville ikkje at den skulle gøymast bort, seier Gunn Merete. Innreiinga på bad og vaskerom, og dei plassbygde skåpa på soveromma er òg produsert hos Jølster Bygg og Interiør.

Kaffikroken: Med skyvedør frå kjøkkenet er det kort veg ut med morgonkaffien. Den store, flotte terrassen omkransar hytta og annekset, og har god plass til fleire sittegrupper og solsenger.

Fin flyt

I juni kom prikken over i`en på plass, då vart den romslege terrassen bygt.

– Det var viktig for oss å binde saman inne- og uteområdet. Vi ønskte oss ein naturleg flyt mellom stove/kjøkken og terrassen og synest vi har fått det til på ein kjempegod måte, seier Gunn Merete.
– Terrassen og uteområdet er noko av det eg er mest fornøgd med, seier Hallgeir.
Dei har skyvedør rett frå kjøkkenet, slik at det er kort veg ut med morgonkaffien. Det er også terrassedør ut frå soverommet.

Ut mot havet: Gunn Merete og Hallgeir ønskte seg seg ei hytte ved havet. Dei fann tomta dei ønskte seg på Stavøya.  – Kinn kommune fortener skryt for måten dei har lagt til rette for hyttefelt her ute, meiner dei.

Sommarprosjekt

På solfylte sommardagar vil dei gjerne nyte mest mogleg av dagane ute. På terrassen er solsenger og jacuzzi på plass, og sommarens prosjekt blir å byggje utekjøkken.
– Det vil alltid vil vere småprosjekt å henge fingrane i, men hytta er ferdig og fungerer som den var tenkt – både vinter og sommar. Vi har hatt eit kjempefint samarbeid med Jølster Bygg og Interiør heile vegen, og opplever at dei har hatt eit genuint ønske om at vi skulle få hytta akkurat slik vi ville. Og det har vi fått!  

IMG_4066
IMG_1368 – Kopi

To gode ting: – Vi er så fornøgde med baderomsinnreiinga, og dei plassbygde skåpa på soveromma.  Hylla over senga er god å ha til å legge frå seg ting, fortel Gunn Merete.

God plass: Hytta har plass til heile familien – både inne og ute. – Det var eit viktig poeng for oss å ha ein naturleg flyt mellom hytta og terrassen, særleg på dagar som denne, seier Gunn Merete.

Tekst og foto: Liv Grimsbø/Liv Laga Media as

Del artikkelen:

Andre innlegg

Hyttebyggjarar til tusen!

Kåre Aasen (84) starta gründereventyret på Vassenden i 1967. Han er ikkje så reint lite stolt over at sonen Nils Ove no fører bedrifta vidare. Saman har dei forsynt Vestlandet med hundrevis av hytter, og fleire skal det bli!

Les artikkelen