Hytter, interiør, kjøkken, bad og spesialmøblar

Vil skape ekte hyttekjensle i mikrohytter

TRENDEN SNUR: Hytta treng slett ikkje vere stor som eit hus. I ei mikrohytte som dette har du alt du treng, berre på litt mindre plass. Her kan du velge ein eller to modular

 – Vi har prøvd å tilpasse oss utfordringane med dyrtida – lage eit hyttekonsept med mindre bygg og lågare kostnader, seier Tor Ivar Flatjord.

Ideen er ei mikrohytte, eit hyttekonsept i to modular.
Du kan fint starte med ein modul – der har du alt du treng, men på litt mindre plass: Kjøkken, stove, bad og teknisk rom får plass på ei grunnflate på 15,5 kvadratmeter. I tillegg er det sovehems på 6,5 kvadrat med plass til dobbeltseng.
Ein karnapp med sittebenk gir ekstra romkjensle i stova, og utanfor dei store stoveglasa blir det ein overbygd terrasse.

 – Med glasfasade i front og god takhøgde, vil det vere ope og gi god romkjensle inne, seier Flatjord.

Treng ein meir plass, kan modul 2 enkelt koplast på, då får ei eit nytt inngangsparti med garderobeplass – og eit ekstra rom på ca 14,5 kvadratmeter, der det også er mogleg å ha hems.

SMARTE LØYSINGAR: Ein karnapp gir ekstra sitjeplass og romkjensle i stova. På den overbygde terrassen kan ein nyte hyttelivet ute, sjølv om vêret ikkje spelar på lag.

Fem soveplassar

 – Med maks utnytting kan ein komme opp i fem soveplassar. Dette er ikkje hytta for storfamilien, men perfekt for den single, eit par eller gjerne ein liten familie, meiner Flatjord. Han teiknar hyttene hos Jølster Bygg og interiør, og opplever ein klar trend der mange kundar ønskjer seg mindre hytter.

 – Du treng ikkje 100 kvadratmeter for å oppfylle hyttedraumen.  Dette er ei løysing som hadde vore heilt perfekt for min eigen del. Eg likar småbygg og den ekte, norske hyttekjensla det gir, seier Flatjord.

MED OG UTEN HEMS: Slik blir planløysinga i dei to modulane, det er mogleg å ha sovehems i begge.

Privat eller camping

Han ser for seg at mikrohyttene vil vere aktuelle både for private og som campinghytter.

 – Ideen om ei mikrohytte har vi hatt i sikkert 10 år, og vi veit at det er interesse for dette. No snur vi på alle steinar for å finne enklast mogleg byggjemåte, slik at vi kan halde prisane nede, fortel Tor Ivar Flatjord.

Hyttene får tretak, aluminiumsbekledde vindauge og vedlikehaldsvennleg kledning utvendig. Inne blir det trepanel.

 – Vi har jobba med å finne eit moderne design som er ein vri på det tradisjonelle. Heile konstruksjonen er i tre og vil gli fint inn i naturen, seier Flatjord.

GLER SEG: – Eg har ståltru på konseptet, seier Monica Skilbrei, sals-og administrasjonsansvarleg i Jølster Bygg og Interiør. Tor Ivar Flatjord teikar hyttene og er prosjektleiar.

Heisast på plass

Tanken er at mikrohyttene skal kunne byggjast ferdig i fabrikken på Vassenden, og fraktast direkte til hyttetomta med trailer.

– Einaste utfordring er at ein må kunne nå tomta med mobilkran for å heise hytta på plass. Det må støypast eit enkelt fundament, utover det er det ikkje behov for mykje opparbeiding av tomta, fortel Flatjord.

No blir det jobba med finjusteringar av konstruksjonen, slik at storleik og vekt gjer det mogleg å transportere ferdige hytter ut til kundane.

MODERNE VRI: Tor Ivar Flatjord har teikna ei mikrohytte der heile konstruksjonen er i tre. – Tanken er at hytta skal gli fint inn i naturen, seier han.

Komplett hytte

 – Og prisen?

 – Det bør vere fullt mogleg å få seg ei komplett hytte inkludert rør og elektro til 1,5 millionar kroner. Vil ein ha begge modulane, må du plusse på ca. 750.000 kroner, seier Flatjord.

- Ståltru

Monica Skilbrei, som er sals- og administrasjonsansvarleg i Jølster Bygg og Interiør, gler seg til å starte salet av mikrohyttene.
– Eg har ståltru på dette konseptet! Her får du ei fiks ferdig hytte til ein svært gunstig pris. Det er enkelt, vedlikehaldsfritt og du treng ikkje store tomta for å få plass til hytta. På denne måten når vi ut til nye kundegrupper, vi gjer det mogleg for langt fleire å realisere hyttedraumen, seier Skilbrei.

FIKS FERDIG: Når dei siste detaljane er på plass, er målet at mikrohyttene skal byggjast ferdig i fabrikken og køyrast med trailer direkte til hyttetomta.

Tekst og foto: Liv Grimsbø

Del artikkelen:

Andre innlegg

Hyttebyggjarar til tusen!

Kåre Aasen (84) starta gründereventyret på Vassenden i 1967. Han er ikkje så reint lite stolt over at sonen Nils Ove no fører bedrifta vidare. Saman har dei forsynt Vestlandet med hundrevis av hytter, og fleire skal det bli!

Les artikkelen