Far og son siktar mot hytte nr. 1000
Kjempegreier: Kåre Aasen starta hytte-produksjon på Vassenden i 1967. Han er strålande fornøgd med at sonen Nils Ove etter kvart valde å følgje i same spor.
– Det har vorte hundrevis av hytter rundt på Vestlandet. 1000 torer eg ikkje seie, men det skal ikkje vere så langt unna, meiner Kåre Aasen (84).
Han starta gründereventyret på Vassenden som i dag vert drive vidare av sonen Nils Ove Aasen, under namnet Jølster Bygg og Interiør.
Etter å ha jobba i lag med ein lokal snekkar nokre år, realiserte Kåre draumen å starte noko for seg sjølv. Det heile starta som Aasen Hyttebygg i 1967, heime på garden i ei gammal løe.
– Eg likar å hive meg ut i ting der eg ikkje heilt veit kva eg driv med. Du lærar undervegs, men det kjem gjerne med kostbar lærdom òg, fortel Kåre.
I dag har verksemda mange bein å stå på, hyttene er framleis viktige men i tillegg blir det satsa på spesialmøblar, kjøkken og bad- og vaskeromsinnreiing.
Stadig nye trendar: Det gjeld å henge med på nye trendar om ein skal kapre kundane. I kjøkkenavdelinga er det Monica Skilbrei (t.v.) og Annlaug Kvammen som styrer butikken.
Starta enkelt
Kåre sin idè var å bygge hytter av element.
– Vi starta med heilt enkle hytter til campingplassar utan innlagd vatn eller straum. Dei første vart leverte til campingplassen i Dragsvik. Vi bygde gjerne hyttene ferdig her og køyrde dei ut til kunden på lastebil. Vi sleit vel ned ei straumlinje på Viksdalen, vedgår Kåre og humrar.
Gode minner: Kåre ved ei av dei første hyttene han leverte. – Det er berre eit enkelt bygg med køysenger og ein liten kjøkkenbenk. Men hytta er ganske fin, meiner han.
Etterkvart vart løa bytt ut med eit gammalt skulehus, men det var heller ikkje ideelt som produksjonslokale.
– Nei, det vart håplaust, vi tok material inn gjennom glaset og måtte ta ut døra for å få dei ferdige elementa ut igjen, fortel Kåre.
Lokalet der dei held til på Vassenden i dag, med butikk og snekkarverkstad, vart i si tid bygt av kommunen for å huse verksemda.
Fekk sommarjobb
Nils Ove byrja tidleg å henge med faren på jobb, og som 11-12 åring hadde han sommarjobb i bedrifta. Men det var eigentleg ikkje planen å gå i faren sine fotspor.
– Eg utdanna meg først til elektrikar og så vart eg heismontør. Det var vel då det gjekk mot at faderen skulle pensjonere seg at eg fekk den galne ideen om å begynne her, fortel Nils Ove.
– Var det ei god avgjerd?
– Det kan variere frå dag til dag kva eg tenkjer om det, seier Nils Ove og flirer.
– Men det var etter eige ønskje altså, eg vart aldri pressa til noko.
Ny sjef: Far og son jobba godt saman nokre år før Kåre vart pensjonist. Når han kikkar innom gamlejobben i dag, må han finne seg i å bruke gjestestolen. Det lever han fint med.
- Kjempegreier!
Faren er strålande fornøgd med at poden ville overta.
– Det er fantastisk at bedrifta kan gå vidare, og at det er sonen min som gjer det – ja det er berre kjempegreier!
Dei to jobba i lag nokre år før Kåre vart pensjonist for rundt 15 år sidan. Nils Ove prøvde seg i diverse stillingar, det var først for to år sidan han tok over som dagleg leiar.
– Det var vel på tide det, meiner Kåre.
Nevenyttige: Norolv Fluge har jobba lenge nok på verkstaden til at han har hatt både far og son som sjef. – Eg ser likskapar, dei likar å jobbe praktisk begge to.
Det er sjølvsagt interessant å drive bedrifta, men det kan ikkje vere veldig lange økter på kontoret før eg må ut og gjere noko praktisk. Slik sett er vi like, vi to, seier Nils Ove.
I tillegg til å ta seg av mykje papirarbeid, jobbar han no med møbelproduksjon, og særleg spesialtilpassa møblar.
Første million-hytta
Mykje har skjedd sidan Kåre starta bygginga av dei enkle campinghyttene. Han minnast at det kosta rundt 6.000 kroner for ei slik firemannshytte. I dag kan ein fort plusse på tre nullar til om ein skal ha ei romsleg og moderne utstyrt hytte.
– Eg hugsar godt første gongen faderen kom og sa at han hadde selt ei hytte til ein million kroner, det var voldsomt, fortel Nils Ove.
Som natt og dag: Det har vore ei rasande teknisk utvikling sidan Kåre starta i bransjen: CNC-fresen i bakgrunnen feiar unna ei rekkje arbeidsoperasjonar som før måtte gjerast manuelt.
Gamle prinsipp
Etter eit langt og godt samarbeid med Ålhytta, byrja Kåre å teikne eigne hytter.
– Vi ønskte å utvikle eigne hytter i meir vestlandstilpassa byggestil. Eg var fascinert av dei gamle sperrestovene her frå området. Resultatet vart JB-hytta, som byggjer på dei gamle prinsippa i form og byggjestil, fortel Kåre.
– Det vart mange JB-hytter! Vi byggjer framleis ein del av dei, men tilpassa kundane sine ønske. Mange vil framleis ha torvtak, men det går meir i større vindauge og færre sprossar, fortel Nils Ove.
Klassikar: Hytta til venstre er ei klassisk JB-hytte. Mange kundar vil framleis ha variantar av den, andre går for funkis.
Meir funkis
Funkis-stilen, med reiner linjer og store vindauge, har òg vorte svært populær. Det er ikkje Kåre sin favoritt.
– Det verkar litt voldsomt på meg, men det er vel slik verda utviklar seg. Det var kjekkare den gongen både hyttene og byråkratiet var enklare, meiner Kåre.
Snart ferdig: Hytte nr 13 bygt av Jølster Bygg og Interiør ved alpintbakken i Bjørkelia er nesten ferdig, og nr 14 snart på gang. Alt er mykje større og flottare enn før, men Kåre finn framleis spor etter gammal byggjeteknikk.
Han forstår at kundane må få hyttene slik dei ønskjer det, og blandar seg heller ikkje i drifta.
– For å overleve i denne bransjen og i tillegg sitje igjen med noko, må ein følgje med i tida og byggje det kundane vil ha.
Eg har inntrykk av at bedrifta held seg godt flytande, då må ein vere fornøgde, avsluttar Aasen senior.
Hytte på hytte: Alle hyttene i bakgrunnen har fantastisk utsikt over fagre Jølster, og alle er signert Jølster Bygg og Interiør. Nils Ove reknar med at det blir fleire, det er framleis mange ledige tomter.


