Hytter, interiør, kjøkken, bad og spesialmøblar

Lokalt samarbeid - unike løysingar

Jølster Bygg og Interiør lagar alskens spesialmøblar, det nytta Lena Kirkebø seg av heime. Då ho opna interiørbutikk i Førde, utvikla det seg til eit profesjonelt samarbeid. – Eg veit at Jølster Bygg og Interiør leverer kvalitet, og det er kjekt å samarbeide med lokale krefter, seier Kirkebø.

God tone: Lena Kirkebø (i midten) har ideane til design, Nils Ove Aasen står for handverket og Annlaug Kvammen er seljar. Både Jølster Bygg og Interiør og Kvist håpar samarbeidet skal gi meir sal og fleire kundar.

Tanken er at Lena skal designe ulike møblar for sal i butikken sin Kvist Handverk og Design, som skal produserast i snekkarverkstaden på Vassenden. Og om kundar har ønske om spesielle møblar, reolar, romdelarar, plassbygde møblar eller liknande, er tanken at ho kan hjelpe dei med idear, og så blir endeleg løysing utforma i samarbeid med Nils Ove Aasen hos Jølster Bygg og Interiør. Dessutan har Lena nokre av produkta deira for sal i butikken i Førde, medan ein del av pyntetinga Lena har på Kvist også kan kjøpast i kjøkkenbutikken på Vassenden.

Vinn-vinn

– Vi trur dette vil bli ein vinn-vinn situasjon for begge partar, som kan gi fleire kundar og meir sal både for Jølster Bygg og Interiør og Kvist. Vi kan i fellesskap hjelpe kundane med å lage produkt dei ikkje finn i andre butikkar, og vi får vist fram møblar vi har laga i veldig fine omgivnader i butikken til Lena, seier Nils Ove Aasen, som er dagleg leiar i Jølster Bygg og Interiør.

Utstillingsvindauge: Det lekre kjøkkenet på Kvist er spesiallaga hos Jølster Bygg og Interiør. – Vi diskuterte oss fram til denne løysinga, og kundane likar resultatet, fortel Lena Kirkebø (t.v.) og Annlaug Kvammen.

Nyleg kom dei siste detaljane på plass i eit lekkert kjøkken Jølster Bygg og Interiør har laga spesielt for utstilling i Kvist-butikken.

– Vi diskuterte oss fram til den endelege løysinga i fellesskap. Eg ville gjerne ha denne steinplata og det avrunda skåpet på enden, fortel Lena Kirkebø som vart veldig fornøgd med resultatet.

– Ja, og det skåpet var ikkje heilt enkelt å fikse, men vi fann ei god løysing som gir eit flott skåp som også har godt med oppbevaringsplass, seier Aasen.

Smart oppbevaring: Lekkert design, smart bruk av plassen.

Utstillingsvindauge

Annlaug Kvammen, som er kjøkkenseljar hos Jølster Bygg og Interiør, har allereie fått god respons frå kundane.

– Vi er kjempefornøgde med å ha fått eit så flott utstillingsvindauge for produkta våre i Førde. På Kvist er det som å komme inn i ein heim, og varene våre kjem verkeleg til sin rett. Samarbeidet har starta litt i det små og så håpar vi det skal balle på seg, seier Annlaug.

Praktisk resirkulering: Her kan berre sope skrell og embalasje frå disken og rett i kva sin behaldar under disken.

Kjøkkenet på Kvist er ein forsmak på den nye kjøkkenutstillinga som er under planlegging i butikken på Vassenden.

– Vi gler oss skikkeleg til å fornye butikken, og til å få vist fram meir av alt det flotte vi lagar i snekkarverkstaden, seier Annlaug.

Jølster Bygg og Interiør har 40 års solid handverkserfaring. Lena opna butikken sin i august i fjor.

Vil inspirere

Lokale produkt: Både hyller og bord er Lena sitt design.
Begge deler er handlaga på snekkerverkstaden til Jølster Bygg og Interiør.  

– Eg prøver å ha eit sortement som har mangla i Førde. Eg kjøper inn varer eg likar sjølv og prøver å innreie butikken med ting som passar saman. Målet er at kundane skal oppleve butikken som ein heim, og få inspirasjon av å komme hit, fortel Kirkebø.

Ho har allereie fått produsert ulike hyller, bord og pidestallar etter eige design hos Jølster Bygg og Interiør, og har idear og planar for meir.

– Responsen har vore bra, eg har t.d. selt ein del av hyllene som kan setjast saman i ulike formasjonar.  Det er veldig kjekt at folk likar det eg har planlagt og designa. Eg har gjerne ideane, og så finn Nils Ove løysingane som gir gode resultat. Det er fint å kunne samarbeide med lokale krefter, og eg er kjempefornøgd med varene Jølster Bygg og Interiør produserer for meg, seier Kirkebø.

Må finne balanse

Heiltre: Er du ute etter eit solid salongbord i heiltre? Sjekk utvalet hos Lena på Kvist.
Om du ikkje finn det du er ute etter, kan Nils Ove få laga eit heilt unikt bord til deg, akkurat slik du vil ha det.

Ho har planar for fleire nye design, både spisebord, speglar og fleire salongbord.

– Vi må prøve oss litt fram, dette er unike ting.  Kundane ser absolutt verdien i lokalprodusert handverk, og veit at det kostar litt ekstra, så det gjeld å finne den rette balansen, seier Lena.
Ho elskar å hjelpe kundane med idear og inspirasjon til innreiing av heim og hytte, og sa opp ein trygg lærarjobb for å satse alt på interiørbutikken.

På pidestall: Lena er glad i pidestallar, og Nils Ove får dei laga på Vassenden. Dekorative både i butikk og stove.

Lettare å velge

Nils Ove Aasen har tru på at den heimekoselege atmosfæren i butikken vil kunne gi auka sal.

– Kundane er gjerne usikre og brukar tid på å finne løysingane dei vil gå for. Det at folk kan komme hit til Kvist, sjå møblane fysisk og sett saman i så trivelege miljø, trur eg kan gjere det lettare å velgje, seier Aasen.

Lokalt handverk: Kvist har skjerefjøler og og diverse småvarer frå Jølster Bygg og Design til sals i butikken i sentrum sør i Førde. Ein del av pyntetinga Lena sel i butikken vil og vere for sal i kjøkkenbutikken på Vassenden.

Del artikkelen:

Andre innlegg

Hyttebyggjarar til tusen!

Kåre Aasen (84) starta gründereventyret på Vassenden i 1967. Han er ikkje så reint lite stolt over at sonen Nils Ove no fører bedrifta vidare. Saman har dei forsynt Vestlandet med hundrevis av hytter, og fleire skal det bli!

Les artikkelen