«Da ska gjerast skikkeleg!»

Heime hos: Tor Ivar Flatjord

Lyttar til kunden: Tor Ivar Flatjord teiknar alle hyttene som blir levert frå Jølster Bygg og Interiør, det er ikkje to hytter som har vorte heilt like. Foto: Jostein Vedvik

«Hos oss er det ikkje klikk og hent – men handarbeid, kundane får akkurat det dei vil ha»

Tor Ivar Flatjord teikna si første hytte som 11-åring, og gjorde det etter kvart til leveveg hos Jølster Bygg og Interiør. I ledige stunder designar og lagar han møblar og pynteting.

– Eg har auga med meg i det daglege, hentar inspirasjon overalt og kombinerer.
Eg likar enkle linjer, det er ofte det enkle som er vanskeleg å komme på, seier Tor Ivar Flatjord.

Hovudjobben hans er å teikne og vere prosjektleiar på alle hyttene som blir levert av Jølster Bygg og Interiør på Vassenden.
Butikk- og kontorlokala ligg godt synleg tett på E39, det mange ikkje kjenner til er alt det spennande som blir til i den store snekkarverkstaden på baksida.

Her kan kundane komme med sine ønske og få skreddarsydde løysingar.

– Vi har utruleg mange fornøgde kundar, og merkar at jungeltelegrafen fungerer. Når vi har levert ei hytte eller kjøkken ein ny stad, får vi gjerne fleire kundar i nabolaget. Men vi ønskjer sjølvsagt at fleire skal komme til oss og sjå kva vi kan tilby, i staden for å køyre til Førde for å handle, seier Flatjord.

På rett hylle: Tor Ivar Flatjord viste tidleg interesse for å teikne, og det har han aldri slutta med. Inspirasjon finn han rundt seg i kvardagen. Foto: Jostein Vedvik

Hobby vart jobb

I tillegg til dei store teikneprosjekta sine, har han har gjort hobbyen til ein del av jobben: Han samlar opp kapp frå verkstaden, og når han har ein passeleg haug blir det spisebord, reolar, hyller – eller julepynt.

– Eg har eigentleg laga småmøblane til eige bruk, men om dei på jobb har sansen for det eg lagar, eller det slår an i sosiale medium, blir det gjerne sett i produksjon. Vi har mellom anna nokre juletre i ulike størrelsar som har vorte populære. Dei vart til på juleverkstad med ungane mine, fortel Flatjord.

Trea finn ein til sals både i butikken, nettbutikken og hos interiørbutikken Kvist handverk og design i Førde.
Planen er at samarbeidet med Kvist etter kvart skal utvidast.

– Dei skal komme med idear og vi skal produsere, fortel Tor Ivar.

Han har òg laga ein populær skjenk i eik som har fått namnet «Grevenpop» som kjem med ei, to eller tre dører.
Felles designgrep for alle er at ei skåpdør er delt på skrå.

– Skjenken med den skrå døra er det eg vil kalle «art by accident», eit innfall, seier designaren som har eit eksempar av det stilige møbelet heime i stova.
Der har han og laga spisebord, stovebord, tv-benken, skåp, hyller – og fine små symbol som viser veg til do.

Ikkje pakkeløysingar

Jølstringen har lang fartstid som tømrar, og har både teikna og bygt to hus til seg sjølv og familien. Erfaring som kjem godt med når han skal hjelpe kundane med å oppfylle sine draumar.

Jølster Bygg og Interiør med sine 11 tilsette, leverer ikkje ferdige pakkeløysingar, men jobbar fram produkt som blir slik kunden ønskjer seg – om det er snakk om ei heil hytte, eit kjøkken, trapper, plassbygde møblar – eller småvarer i tre.

– Vi er avhengig av den personlege kontakten med kundane for å få dei gode resultata. Vi startar alltid med å prate gjennom kva dei har av ønske og behov.
Det gir ei retning og grunnlag for å lage eit utkast til korleis resultatet kan bli. Eg har teikna mykje i lag med kundane. Alle hyttene blir til frå scratch, det er då ideane opnar seg, fortel Flatjord.

Nokon har heilt klare tankar om kva dei vil ha, andre har gjerne ei skisse eller drøymer om ei hytte dei har sett i eit magasin – ønske som nokon gonger viser seg å ikkje vere heilt realistiske.

– Det gjeld å få teikna noko som faktisk kan byggjast.
Ein hytteide henta frå Spania er gjerne ikkje så lett å få til på ei øy i havgapet på Vestlandet, seier Flatjord og ler.

Han tar alltid utgangspunkt i tomta når han skal jobbe fram ei ny hytte.
– Mange som kjem til oss har allereie ei tomt. Det er fort gjort å forelske seg i ei hytte som ikkje passar på tomta. Min jobb er å finne ei løysing som tar omsyn til sjølve tomta, storleik, utsikt, solforhold osv. Er tomta bratt må ein til dømes tenkje annleis enn om det er flatt, fortel Flatjord.

Store vindauge, takk

Det er eitt ønskje som går igjen hos mange kundar: Store flater med vindauge. 
– Interessa for store vindauge har auka veldig på, og vi har opna for det. Før gjekk det mykje i torvtak og villmarkspanel. No skal det gjerne vere meir moderne, men kanskje ikkje heilt over i funkis. Mange hamnar på ei tradisjonell form, men velgjer materiale som gjer at det blir eit moderne uttrykk. Eg likar eigentleg alle stilar, frå tømmerbygg til funkis, og prøver å møte kunden på det dei vil ha. Det som er viktig for meg er at det blir ein helskap, at det er ein harmoni mellom vala ein gjer ut- og innvendig.

Å bygge noko nytt betyr at ein må gjere mange val – ikkje minst når det skal innreiast. Også her står karane på snekkarverkstaden til klare til innsats. Dei byggjer det kundane ønskjer seg, slik at det passar perfekt: Trapper, kjøkkeninnreiing, bad, vaskerom, møblar, romdelarar, smarte løysingar for oppbevaring osv. Spesialmøblar er det gjerne dagleg leiar Nils Ove Aasen som jobbar med i det daglege. Er det snakk å få teikna kjøkken eller bad, er Annlaug Kvammen eller Monica Skilbrei dei rette damene å snakke med.

Handarbeid

– Vi driv ikkje med utskjeringar og dreiing, men utover det fiksar vi det meste. Vi har ein del kundar som kjem tilbake, gong på gong.
Dei vil ha noko som er unikt og veit at dei får det hos oss, seier Tor Ivar.

– Spesiallaga løysinga, det høyrest dyrt ut?

Fine gåver: Skjerefjøler eller kanskje ein mobilladar litt utanom det vanlege?
Foto: Jostein Vedvik

– Når du lagar eit spesialmøbel, blir det som regel berre laga i eitt eksemplar. Dei fleste veit at ein då må litt opp i pris, men mange blir faktisk overraska over at det ikkje blir dyrare. Det er til dømes ikkje stor differanse i pris mellom våre kjøkken og det som blir masseprodusert, seier Flatjord. Og legg til:

–  Vi leverer handarbeid, og treng ikkje tenke faste modular men kan vere fleksible og finne løysingar som passar perfekt hos kunden. Er det plass til eit skåp på 54 cm, så lagar vi det. Har kunden ein favorittfarge, treng vi berre fargekoden så blandar vi nøyaktig den nyansen det skal vere, forklarer Flatjord.  

Teiknar ilag: PC’en er eit nyttig hjelpemiddel i teikneprosessen til Tor Ivar Flatjord. Det er aldri to hytter som blir heilt like, og ofte får kundane vere med å teikne.
Foto: Jostein Vedvik

Han har jobba i Jølster Bygg og Interiør sidan 2014, dei første åra som dagleg leiar.

– Eg fann etter kvart ut at administrasjon ikkje var noko for meg. Eg ville konsentrere meg om det eg kan best – teikne og finne gode løysingar for kundane våre.

– Du viste tidleg talent for arkitektur og design. Korleis gjekk det med hytta du teikna som 11-åring?
– Den vart bygt av besteforeldra mine på Hemsedalsfjellet, og ser ut som på teikninga.

Ulike stilar: I Bjørkelia ligg hytter i klassisk stil som perler på ei snor. På Stavøya har kunden valt å gå for eit meir moderne uttrykk. Alle hyttene er bygt av Jølster Bygg og Interiør. Foto: Jostein Vedvik

Del artikkelen:

Andre innlegg