«Da ska gjerast skikkeleg!»

«MENTE»

Vi har snudd frontane sine uttrykk på hovudet!
Ved første augekast kan nyheita Mente sjå ut som eit klassisk kjøkken i lys eik. Men ta ein ny titt. Då vil du oppdage at dei glatte trefrontane har årringar som er loddrette, noko som er heilt nytt.

Om «MENTE» kjøkkenet frå AUBO

I generasjonar har lys eik tala til kjøkenkjennerane sine hjarte med sitt nordiske uttrykk og den eksklusive kjensla av ekte handverk. Ein kjærleik som blir enda meir intens med nyheita Mente. I tråd med den nyaste trenden innan kjøkkendesign har vi snudd trekonstruksjonen på frontane 90 grader slik at dei naturlege årringane på skapdører, skuffefronter og gavlar beveger seg loddrett i staden for vannrett. Resultatet er rett og slett eneståande.

Finare blir det ikkje:
Så snart du går inn i eit Mente-kjøkken frå AUBO, vil du oppleve den spesielle atmosfæren av tre. Nordisk. Koselig. Varmt. Og ekte. Alt fordi Mente er laga med glatt eikefinér på alle overflater.

Med finér får du den fulle opplevinga av treets naturlege årringsstruktur. I tillegg unngår du å betale full pris for kjøkkenfrontar i massivt tre.

Forblir vakker i årevis:
Før den lette eikefineren monteres på formstabile plater av resirkulert trespon, påføres finérplatene ein klar, matt lakk av høgaste kvalitet. Dermed beheld kjøkkenfrontane sin naturlege glans og held seg vakre gjennom kjøkkenets lange levetid.

Som det naturlege produktet eikefinér er, vil frontane med tida endre uttrykk avhengig av lysinnstrømminga. Du vil derfor oppdage at Mente-kjøkkenet ditt får enda meir glans og nordisk sjarm. Både med åra og med årringane.

Mente er det italienske ordet for sinn. Derav uttrykket å ha noko «i mente». Det er også ein heilt spesiell grunn til at vi har valt akkurat dette namnet på den nye kjøkkenserien. Mente var nemleg den siste serien som vår grunnleggjar, Jens B. Bertelsen, jobba med før han alt for tidleg og ganske plutselig gjekk bort i oktober 2021. Hos AUBO vil Jens alltid være Mente – og in mente.

Tilpassing av kjøkken

Det er mange alternativer når det gjeld val av materiale på ditt nye kjøkken. Har du problem med å forestille deg utsjånad eller korleis dei forskjellige materialvalga går hand i hand og passar saman?  

Spør oss gjerne om rådgjeving, tips og ein teiknetime og få designa ditt nye kjøkken, anten frå våre kvalitetsleverandørar, eller eit skreddarsydd kjøkken frå Jølster Bygg og Interiør. 

Du liker kanskje også…

  • «BLACK OAK»
  • «SEMBRA»
  • «FENIX»
  • «OAK LINE»

Be om tegnetime

Tegnetime
Eg ønsker også:

Send forespørsel

Forespørsel
Type forespørsel