«Da ska gjerast skikkeleg!»

«FENIX»

Meir enn berre dører!

Om «FENIX» innredninga frå AUBO

Sidan det spesialbehandlede høgtrykkslaminatet vart lansert, har badkundar i dei tusen heimane latt seg begeistra av den unike overflata. Av fleire grunnar. Delvis fordi Fenix-laminatet gjev skapa eit estetisk behageleg uttrykk som karakteriserast av eit fløyelsmjukt utseende. Delvis fordi Fenix-overflata motstår sjølv hardhendt behandling og kan i dei fleste tilfella repareres om ho blir oppskrapa. Og delvis fordi den spesialbehandlede overflata tilbyr ei rekkje funksjonelle eigenskapar som gjer livet på badet mykje enklare – også for barnefamiliar, der små fingrar er på dagleg tokt i skuffer og skap.

FENIX I FLEIRE DESIGN

Den spesialbehandlede overflata til Fenix-høgtrykkslaminatet har på få år blitt ein stor suksess blant dei som kan bad. Du får òg det beste frå to verdener. Utseende og funksjon.

Fenix fås som eit glatt skap med eit heilt enkelt designuttrykk med same farge på dører og sider. Her kan du velje mellom 7 ulike laminatfargar.

Som alternativ til farga kantar kan du velje å få Fenix-skapa med ein heiltrekant i enten ask, valnøtt, kvittonaik, natureik eller svart. I denne versjonen er kanten avskåra, slik at ho er tydelegare i det samla uttrykket til badet.

For glatte skap kan du velje mellom ei rekke flotte handtak i ulike materialar og design. Du kan òg få skapa utan handtak.

Fenix er òg ein variant i den populære Venezia-serien vår. Både det estetiske og funksjonelle midtpunktet i denne serien er dei elegante integrerte handtakslistene som er like breie som heile døra. Desse kjem i enten valnøtt eller kvittonaik. Og sidan Fenix er både skittavvisande og antibakteriell, kan me trygt seie at design og funksjonalitet her går hand i hand.

Korleis ser drømmebadet ditt ut?

Baderommet er eit rom for nytelse for både auge, kropp og sjel. Hos Jølster Bygg og Interiør kan du oppfylle baderomsdrømmane dine og finne riktige materiale, riktige fargar og riktig design. Begynn med å la deg inspirere av våre flotte baderomsinnredningar.

Du liker kanskje også…

  • «FENIX»
  • «TOSCANA»
  • «BLACK OAK»
  • «OAK LINE»

Be om tegnetime

Tegnetime
Eg ønsker også:

Send forespørsel

Forespørsel
Type forespørsel