«Da ska gjerast skikkeleg!»

«BLACK OAK»

Svart er framleis det nye svarte!

Eit svart kjøkken krev mot.
Derfor blir Black Oak også først og fremst valt av kjøkkenkundar som veit at svarte element viser mindre og gir kjøkkenet eit ganske spesielt preg.

Om «BLACK OAK» kjøkkenet frå AUBO

Med eit uttrykk som oser av overflod, stil og eleganse. Og som møter kvar bekymring om fete fingrar på svarte flater med eit sjølvbevisst trekk på skuldrene. Med Black Oak får du element i sortbeisa og -lakkert finer som let varmen frå treets årringar nå heilt ut i rommet. Black Oak er difor ein perfekt følgjesvenn til Oak Line Black sine spiledører med heiltrestavar.

Detaljar om Black Oak: 
Black Oak fører kontrastane inn i heimen. Visst er dørene laga av sortbeisa eikefiner, men om du kombinerer dei med spiledørane frå Oak Line Black med sine heiltrestavar, kan du skape eit nesten magisk spel mellom lys og skygge.

Black Oak døra består av ei 18 mm sponplate, begge sider er i svart beisa eikfinér, som er lakkert. Døra har trestruktur med vannrett årestruktur.
Døra er også tilgjengeleg som vitrinefront. 

Reingjering:
Vanleg reingjering blir gjort med ein rein klut og lunkent vatn tilsatt litt oppvaskmiddel. Reingjer alltid i finérens fiberretning på finerfronter. Bruk ikkje såpespon og grønnsåpe på dei malte dørene. Bruk ikkje løysmiddel til reingjøring av malte eller lakkerte dører. Ettertørking av dører og handtak må gjerast med ein rein mikrofiberklut. Ytterlegare informasjon om lakkerte overflater: Høgkvalitets lakk oppnår full stabilitet etter fullstendig herdning. Unngå derfor i løpet av dei første 4 vekene: kontakt med vatn, alkohol, materialar som kan gi riper, osb. I denne perioden må den lakkerte overflata berre tørkast støv av med ein mjuk, lofri klut. Ikkje gni på overflata, det vil gjere matte lakker skinnande og samtidig gjere lakken statisk lada, noko som tiltrekk endå meir støv. Etter omtrent 4 veker, kan vanleg overflate reingjering gjerast med ein fuktig klut.

Tilpassing av kjøkken

Det er mange alternativer når det gjeld val av materiale på ditt nye kjøkken. Har du problem med å forestille deg utsjånad eller korleis dei forskjellige materialvalga går hand i hand og passar saman?  

Spør oss gjerne om rådgjeving, tips og ein teiknetime og få designa ditt nye kjøkken, anten frå våre kvalitetsleverandørar, eller eit skreddarsydd kjøkken frå Jølster Bygg og Interiør. 

Du liker kanskje også…

  • «BELLO»
  • «FENIX»
  • «MENTE»
  • «OAK LINE»

Be om tegnetime

Tegnetime
Eg ønsker også:

Send forespørsel

Forespørsel
Type forespørsel