«Da ska gjerast skikkeleg!»

«BELLO»

Eit vakkert bad, fortenar eit vakkert namn!

Om «BELLO» innredninga frå AUBO

Bello er det italienske ordet for vakker. Og allereie med det første beundrande blikket forstår du kvifor denne badserien rett og slett ikkje kan kallast noko anna.

Ramme-fronten har alltid vore eit populært val blant kjennarar av bad som likar å kombinere det klassiske og moderne i livet sitt. Og akkurat fridomen til å skape ein tradisjonsrik, vakker og funksjonell ramme rundt familiens baderom har for lengst gjort denne typen front til ein klassikar.

Men kva er det som gjer Bello spesielt vakker?

Ein smal sak:
På den mjuk matte overflata ser Bello ved første augekast ut som eit klassisk nordisk bad med ramme-fronter. Men det er meir enn det. Eller rettare sagt, det er mindre enn det. Våre designarar har gjort rammene smalare og tynnare for å gi Bello eit lettare uttrykk. Samstundes har vi skapt ein meir moderne og stilren karakter ved å utelate dei klassiske fugene i dørene sine ramme.

Velg din stil:
Som kjent handlar skjønnheit om auga som ser. Med sitt reine uttrykk og dei mange moglegheitene for handtak, kan Bello trekkjast i ulike stilar. Uansett om Bello skal være baderommet sitt sentrum i ein herskapelig, landleg eller moderne innreiing, kan du derfor få akkurat det badet du ynskjer.

Om du drøymer om noko anna enn den store kvite badverda, kan du òg bestille Bello i meir enn 2000 ulike nyansar, inkludert 14 utvalde trendfargar.

Sjå, og føl:
Når vi snakkar om fargar, så er Bello mala med ein eksklusiv PUR-lakk som ikkje berre gir overflata ei matt og silkeaktig skjønnheit, men som òg gjer frontane ekstremt slitesterke og lette å reingjere. Kvarken matlaging eller nysgjerrige barnehender kan derfor ta vekk skjønnheita til Bello.

Korleis ser drømmebadet ditt ut?

Baderommet er eit rom for nytelse for både auge, kropp og sjel. Hos Jølster Bygg og Interiør kan du oppfylle baderomsdrømmane dine og finne riktige materiale, riktige fargar og riktig design. Begynn med å la deg inspirere av våre flotte baderomsinnredningar.

Du liker kanskje også…

  • «TOSCANA»
  • «OAK LINE»
  • «BLACK OAK»
  • «FENIX»

Be om tegnetime

Tegnetime
Eg ønsker også:

Send forespørsel

Forespørsel
Type forespørsel