«Da ska gjerast skikkeleg!»

«BELLO»

Eit vakkert kjøkken fortenar eit vakkert namn. Bello er det italienske ordet for vakker. Allereie med det første beundrande blikk forstår du kvifor denne kjøkkenserien ganske enkelt ikkje kan kallast noko anna.

Om «BELLO» kjøkkenet frå AUBO

Rammedøra har alltid vore eit populært val blant dei som kjenner til kjøkken og som likar å kombinere det klassiske og moderne i livet sitt. Akkurat den fridomen til å skape ein tradisjonsrik, vakker og funksjonell ramme rundt familiens trygge base har for lengst gjort denne typen dør til ein klassikar.

Men kva er det som gjer Bello spesielt vakker?

Ein smal sak:
På den myke matte overflata ser Bello ut som eit klassisk nordisk kjøkken med ramma dører ved første augekast. Men det er meir enn det. Eller rettare sagt, det er mindre enn det. Våre designerar har gjort rammene smalare og tynnare for å gi Bello eit lettere uttrykk. Samstundes har vi skapt ein meir moderne og stilren karakter ved å utelate dei klassiske fugene i dørene sine rammer.

Velg din stil:
Som kjent handlar skjønnheit om auge som ser. Med sitt reine uttrykk og dei mange moglegheitene for handtak, kan Bello dras i ulike stilar. Uansett om Bello skal vere det sosiale og gastronomiske midtpunktet i ein herskapelig, landleg eller moderne innreiing, kan du derfor få akkurat det kjøkkenet du ønsker.

Om du drøymer om noko anna enn den store kvite kjøkkenverda, kan du også bestille Bello i meir enn 2000 ulike nyansar, inkludert 14 utvalde trendfargar.

Sjå, og kjenn:
Når vi snakkar om fargar, så er Bello måla med ein eksklusiv PUR-lakk som ikkje berre gir overflata ein matt og silkeaktig skjønnheit, men også gjer frontane ekstremt slitesterke og lette å reinhalde. Verken matlaging eller nysgjerrige barnehender kan derfor fjerne skjønnheiten til Bello.

Tilpassing av kjøkken

Det er mange alternativer når det gjeld val av materiale på ditt nye kjøkken. Har du problem med å forestille deg utsjånad eller korleis dei forskjellige materialvalga går hand i hand og passar saman?  

Spør oss gjerne om rådgjeving, tips og ein teiknetime og få designa ditt nye kjøkken, anten frå våre kvalitetsleverandørar, eller eit skreddarsydd kjøkken frå Jølster Bygg og Interiør. 

Du liker kanskje også…

  • «SKAGERAK»
  • «MENTE»
  • «VENEZIA»
  • «FENIX»

Be om tegnetime

Tegnetime
Eg ønsker også:

Send forespørsel

Forespørsel
Type forespørsel