«Da ska gjerast skikkeleg!»

OM OSS

Jølster Bygg og Interiør er ei bedrift plassert på Vassenden i Jølster, i Sunnfjord, og har over 40-års erfaring med hyttebygg, kjøkken og produksjon av inventar. Våre hytter blir produsert i element ved vår fabrikk på Vassenden og seinare montert på byggeplass. Effektiv, rask montering og tett hytte på ei veke. Slik kan vi tilpasse montering til godt ver og bygget blir montert tørt. Elementa blir levert ferdig isolert innvendig og ferdig vindtett utvendig, kledning og panel blir montert på tradisjonell måte.

Vi produserer vår populære «Jb-Hytta», eit hyttekonsept utvikla og basert på gammal god byggeskikk frå Sunnfjord, som er tilpassa det vest-norske klima og dagens krav til komfort og velvære. Vi teiknar som hytteleverandør di heilt spesielle hytte ut frå dine skisser, ynskjer og behov – uavhengig av stil. Funkis eller tradisjonell – du bestemmer!

Hos oss produserar vi også vårt eige JB-kjøkken. Kjøkken med skrog i heiltre og med frontar i diverse utførelsar som tre, malt mdf, kryssfiner m.m – håndarbeid tvers gjennom. Baderomsinnredning, garderobeskap, hemsstigar, bord og benkar er døme på andre produkt vi produserar mykje av.

Jølster Bygg og Interiør er del- og total-leverandør av innredning til fleire kjente aktørar på hyttemarkedet på austlandet – eit resultat av kvalitet og presise leveransar. Vi har også godt samarbeid med fleire arkitektkontor som kan bidra med spesialløysingar for både hytte og inventar.

Vi har i over 40 år levd av fornøgde kundar og levert våre tenester skreddarsydd frå ide til ferdig produkt.

Send forespørsel

Forespørsel
Type forespørsel

Be om tegnetime

Tegnetime
Eg ønsker også: