Alle våre hytter følgjer krava i TEK 17, men dei kan også ytterlegare tilpassast påkjenningar i ver og klima på høgfjellet og ved sjøen. For at du skal få ei lunare og varmare hytte bruker vi då dobbel utvendig vindsperre på ytterveggane. For minimalt med vidare vedlikehold, kan vi levere vindu med aluminiumsbeslag.
Fullisolerte innervegger er standard og gir ein jamn varmefordeling og betre lyddemping. På denne måten kan ein ha fred og ro på hytta. Ei hytte skal vare i fleire generasjonar, og med våre løysingar og tilpassingar skal ikkje vedlikehald vere det første du må tenkje på når du låser deg inn i hytta. På sikt blir billge løysingar dyre. Difor er det så viktig med erfarne handverkarar og rette materialar for å halde vedlikeholdsbudsjettet nede.
Jølster Bygg og Interiør er ei bedrift plassert på Vassenden i Jølster, i Sunnfjord, og har over 40-års erfaring med hyttebygging, kjøkken og produksjon av inventar.
Våre hytter blir produsert i element ved fabrikken vår på Vassenden, og seinare montert på byggeplass. Effektiv, rask montering og tett hytte på kort tid. Slik kan vi tilpasse montering til godt vêr og bygget blir montert tørt.
Elementa blir levert som reisverk med vindtettplater utvendig. Kledning, vindu og panel blir montert på tradisjonell måte. Dersom det er hensiktsmessig kan vi levere element ferdig isolerte og med monterte vindu
Vi produserer vår populære «Jb-Hytta», eit hyttekonsept utvikla og basert på gammal god byggeskikk frå Sunnfjord, som er tilpassa det vest-norske klima og dagens krav til komfort og velvære.
Vi teiknar og leverer di heilt spesielle hytte ut frå dine skisser, ønsker og behov – uavhengig av stil. Funkis eller tradisjonell – du bestemmer!
Her ser du eit lite utvalg av våre hytteprosjekter, alle tilpassa kunden sine ønsker.
Ta kontakt for å planlegge di hytte.